Oppdatert

Designkonsept

Forskingsrådet jobbar for å dyrke fram idékraft verda treng. Den visuelle profilen vår er inspirert av forsking og av rolla vår som koplar mellom dei ulike forskings- og innovasjonsmiljøa.

I geometrien finst det ein modell som reknar ut den mest effektive vegen mellom punkt, gitt at farten er konstant og ein berre kan bevege seg framover. Denne heiter Dubins stig (Dubins path): Dubins Path.

Prinsippet dannar grunnlaget for heile det visuelle uttrykket vårt og er brukt for å utvikle logo-ikon og grafiske element. Dubins path er utgangspunktet for alle dei grafiske formene og illustrasjonane våre.

Konseptet er eit verktøy og ei rettesnor for å visualisere og vekkje til live merkevara Forskingsrådet.

Merkevarehierarki

Designkonseptet gjer oss i stand til å samle alle aktivitetane våre under éin felles visuell profil. Dermed får vi eit tydelegare merkevarehierarki og rolla vår kjem betre fram for målgruppene våre. Det er viktig at alle som utviklar produkt følgjer reglane i hierarkiet.

Merkevarehierarki des23

Nivå 01 og 02 er hovudprofilen og kjerneverksemda vår. Desse nivåa følgjer reglane for Forskingsrådets profil og bruker den felles verktøykassa.

Nivå 03
er ikkje ein del av kjerneverksemda, men desse initiativa er likevel ein del av Forskingsrådets avsendaridentitet. Initiativa har derfor eigne unike verktøy som eige Dubinsmerke og tilpassa fargepalett for å skilje dei frå Forskingsrådet. De kan ikkje utvikle nye merke eller nye aktivitetar i nivå 3 utan at dette er avklart med designansvarleg i Forskingsrådet.

Nivå 04 er for samarbeidsoppdrag. På nett har nokre oppdrag satellittstripe og andre ikkje. Fleire av dei har eigne symbol og temabilete. Dei er ein del av Forskingsrådets visuelle univers, men har ikkje Forskingsrådet som hovudavsendar.