dagar til 2030, året der verdssamfunnet skal ha nådd FNs berekraftsmål. Dei fleste landa i verda har ikkje komme langt nok. Det er tydeleg at vi ikkje kan halde fram med å leve som vi gjer i dag: Verda og Noreg står overfor radikale endringar på fleire frontar. Det hastar meir enn nokosinne. Dei neste åra vil bety alt, for resten av tida vår som menneskeslekt på denne planeten. Men jobben vår er ikkje ferdig då heller.
Forsking og innovasjon har alltid vore viktig i utviklinga av det moderne samfunnet. Sjå rundt deg. Nesten alt du ser, er resultat av forsking, innovasjon og utvikling. Men no er idékrafta som spring ut frå desse aktivitetane viktigare enn nokosinne. Vi har nemleg mykje å finne ut av – og det hastar. Vi må kople idékrafta til verda, så krafta kan bli til endringane vi treng!
Men kven tek ansvaret, kven skal leie oss gjennom endringane? Det er styresmaktene, offentleg sektor, næringslivet og forskingsmiljøa som skal finne løysingane. Rolla til Forskingsrådet er å kople desse saman. Vi skal setje retning med råd, investere i den beste forskinga og leggje til rette for dialog. Vi jobbar for eit samfunn der forsking blir skapt, brukt og delt – og vi koplar og legg til rette for framstega vi treng for ei ny framtid.
For å få til det, må vi utfordre systemet. Nye aktørar må inn. Vi må sørgje for samarbeid på tvers av sektorar, fag, verdsleiande forskingsmiljø og landegrenser. Vi må skape endring, og vi må endre oss sjølve.
Pandemien har vist kor viktig det er at heile samfunnet er med om vi skal få til store ting på kort tid. Sjølv om dei som skaper politisk handlekraft, forsking og innovasjon skal finne løysingane, vil vi ikkje klare det utan støtte frå folket. Derfor må vi i Forskingsrådet også engasjere befolkninga så vi kan få til det umoglege, saman.
Vi som er her no, er dei siste som har tid til å gjere noko med det. Når barna våre eller barnebarna våre kanskje sit og les dette om dagar, vil vi at dei skal tenkje at det var bra vi gjorde alt vi kunne, for det gjekk faktisk bra. Vi i Forskingsrådet vil uansett halde fram arbeidet vårt med å dyrke fram forsking og innovasjon for ei berekraftig utvikling ved å kople verda til idékrafta ho treng.